Ugrasmaskinar for frukthagar

07.05.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Frøydis Lindén

Mange konvensjonelle dyrkarar spør seg korleis ein skal klare å halde ugraset vekke frå frukttrerekkene dersom ein legg om til økologisk drift. Fleire økologiske produsentar med nyplantingar har planta på mypex- duk. Dette tek det grøvste ugrasproblemet, men det er likevel arbeid med å luke rundt stamma og hindre at gras gror over duken. Eit alternativ er då å forstyrre ugraset maskinelt, noko som kan ha fleire fordelar:

  
Trykk på biletet så får du sjå ein demo av maskina.

 

Ugrasmaskinar kan hjelpe deg med to ulike løysingar i den økologiske frukthagen din: halde det fritt for ugras under trea og molde ned organisk gjødsel. Denne kombinasjonen får ein ikkje til med vanleg mypex-duk som mange har planta sine økologisk tre i.

Dei tidlegare ugrasmaskinane har vore harde mot unge tre, men ein har håp om at dei nye ugrasmaskinane på marknaden, som no er kjøpt inn av dyrkarar i fleire frukdistrikt, skal ha gode nok følarar til å ikkje skade småtre.

Det er viktig å førbu frukthagen for bruk av ugrasmaskina: Bind opp drypvatningsslangane. Dei kan av praktiske grunnar ikkje ligge på bakken, når ein janmleg skal køyre med fres under trea. Hugs også å setje på stopparar for vatndråpane, slik at vatnet ikkje fyljer hellinga på vatningsslangen.

 

 

Studietur til Italia
I november 2012 reiste ein gjeng frukdyrkarar på maskinmesse til Italia både for å leite etter lette maskinar som hadde gode følarar. Ein artikkel frå Italia-turen kan du lesa her... Som artikkelen viser til, var det maskina Orizzonti som dyrkarane meinte hadde størst potensiale for norske forhold. Vidare i artikkelen finn du tips, videosnuttar og bilete av denne maskina og andre maskinvariantar frå turen til Italia.

Orizzonti
Du finn detaljar frå produsenten av modellen Mira her... og bilete og film frå demo av maskina her...  Det er en lett maskin som er fleksibel og har fleire utbyttbare delar:

  • fres til å rote i jordoverflata (uetablert ugras) - dreg noko jord vekk frå trerekka
  • kost til å samle greiner frå skjeringsøktene og til å koste rein mypex-duken
  • skålharv som legg jord inn mot trerekkene og forstyrrar etablert ugras
  • plog/skjer til å dra jord vekk frå stammane og trerekkene
  • skjerekniv for å kutte røtene til graset (ev. før bruk av fres)

Mira-modellen er den lettaste varianten av Orizzonti-maskinane, som også kan frontmonterast. For flate areal er det truleg meir effektivt med ein variant med to "armar": orizzonti maxi. 

Denne Orizzonti Mira vart demonstrert på Vestlandet på desse datoane i vår:

21. mai - Opedal, Lofthus, Ullensvang
22. mai - Njøs, Leikanger
23. mai - Jaastad, Grimo, Ullensvang
3. juni - Hjeltnes, Ulvik
10. juni - Spilde, Øystese, Kvam

Video frå demonstrasjon av Orizzonti Mira på Vestlandet finn du her... 

Ciancaglini
Ein variant som har skålharv, plog og fres som utbyttbare delar. Gold "plus" heiter variante som du finn bilete av her... .

Lotti
Dette selskapet har fleire variantar av maskinar med utbyttbare delar. Sjå reiskapen i bruk i denne filmen her... og last ned produktkatalogen her... 

Agrofer
Fleksible armar, men noko kraftig utstyr. Sjekk ulike variantar her...

BFMI
Eit familiedrive italiensk firma med robuste maskinar, men truleg noko kraftig for fruktproduksjon i Noreg: BFMI

Ladurner Krumler
Ein kraftig to-arma ugrashandteringsmaskin som svenske og danske fruktdyrkarar har kjøpt inn. Mest eigna for flate areal og har ikkje utskiftbare delar. Sjå film her...

Mytilla
Ei handhalden fres - eit manuelt alternativ til handhakking rundt trestammane?  Sjå på side 37 i brosjyra her...