Føregangsfylke økologisk frukt og bær

22.10.2011 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Jan Ferstad

I 2010 vart dei to tradisjonelle frukt- og bærfylka, Sogn og Fjordane og Hordaland, føregangsfylke for økologisk frukt og bær. Prosjektet samarbeider tett med fagmiljøet innafor frukt- og bærproduksjon i Noreg, og skal spreie erfaringar og informasjon om produksjon og omsetnad av økologisk frukt og bær, i heile landet.

Medlemmane av styringsgruppa er: Åse Vaag (Fylkesmannen i Hordaland, leiar), Torbjørn Takle (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), Jan Ove Nes (Norsk fruktrådgjeving Hardanger), Lars J. Naa (Gartnarhallen), Jon Asbjørn Målsnes (Bondelaget), Øyvind Dagestad (BAMA), Frøydis Lindén (prosjektleiar).

Mykje informasjon er samla på bloggen http://okofruktogbar.blogspot.com/, men i løpet av 2013 vil mesteparten av faginformasjonen i prosjektet verte samla på hagis.no.

Ta kontakt med prosjektleiar i Føregangsfylke økologisk frukt og bær dersom de har spørsmål til prosjektet eller informasjonen som ligg på sida: fmhofli@fylkesmannen.no .